Litt.tekst – januar 2024

Det var slik byen kjendest mest som hennar. Mørk og stille. Kontrasten frå nattas bråk var stor. Nå hadde ho gatene for seg sjølv. I alle fall nesten. Ho hadde allereie nikka til fleire vandrarar. Dei kjente kvarandre godt, men hadde knapt snakka saman. Berre latt dei firbeinte snuse på kvarandre for så å gå… Continue reading Litt.tekst – januar 2024

Published
Categorized as Litt.tekst

Litt.tekst – november 2023

Han sat og kikka ut vindauget etter henne. Lyset frå gatelyktene fekk dei gule blada til å gløde på treet. Eit etter eit losna dei, segla ned gjennom lufta og la seg til ro på den våte asfalten. Det var ikkje mange igjen nå. Hadde han nokon gong sett det siste bladet losne frå eit… Continue reading Litt.tekst – november 2023

Published
Categorized as Litt.tekst

Litt.tekst – oktober 2023

Først eit lysglimt. Så eit brak som fekk verda til å skjelve. Etterpå var alt heilt svart. Ho stod midt i kaféen, og alt ho kunne høyre var sin eigen skjelvande pust. Forsiktig, med søkande føter og hendene framfor seg, tok ho nokre steg. Leita etter noko å gripe tak i. Glørne i peisen kasta… Continue reading Litt.tekst – oktober 2023

Published
Categorized as Litt.tekst

Litt.tekst – august 2023

Ho kunne sjå speilbiletet sitt i den blanke, svarte overflata medan ho gjekk sakte rundt pianoet. Mest motvillig sette ho seg ned på krakken. Ville gjere denne stunda så lang som mogleg. Klistre alt saman fast i hukommelsen slik at ho kunne hente det fram som film resten av livet. Ho trakk pusten og kjente… Continue reading Litt.tekst – august 2023

Published
Categorized as Litt.tekst

Litt.tekst – juli 2023

Ho sette seg ytst på stolen og irriterte seg ein augneblink over at det var så mørkt her inne. Kinna vart varme då ho hugsa på solbrillene. Kjensla av å vere på rømmen gnog i henne. Tenk at ho skulle vere ei slik. Men akkurat nå orka ho ikkje meir. Ikkje meir klissete fingrar, ikkje… Continue reading Litt.tekst – juli 2023

Published
Categorized as Litt.tekst

Litt.tekst – juni 2023

Han vrei seg i stolen og gnei seg over haka. Den kjendest uvant glatt og naken. Det å vera her fekk minnet om førre gong til å gnage. På veg heim hadde han halde så hardt i rattet at det verka i nevane lenge etterpå. I to timar hadde han sete her, på utstilling. Etter… Continue reading Litt.tekst – juni 2023

Størst av alt er kjærligheten

Det er så veldig kjekt å sjå eigen tekst mellom stive permar! I haust prøvde eg lykka i Kolofon forlag sin novelle-konkurranse «Størst av alt er kjærligheten», og nå finst altså teksten min inni ei heilt ekte bok. Av 158 innsendte bidrag, er mi novelle «Følg meg» ei av 28 forteljingar som blei plukka ut.… Continue reading Størst av alt er kjærligheten

Litt.tekst – mai 2023

Det regna. Dråpane traff vindauga og laga striper nedover glasflatene. Ute skunda folk seg forbi med fargerike paraplyar og allværsjakker. Dei som opna den blå døra ga uttrykk for eit slags svik. At månaden allereie hadde skuffa. Dei var klar for varme og blå himmel. Regnet høyrte andre årstider til. Sjølv kjente ho på ei… Continue reading Litt.tekst – mai 2023

Litt.tekst -april

Han hadde fått fast plass. Ved vindauget. Det bordet ingen sette seg ved utan at alle andre bord var opptatt. Det stod litt for nært pianoet, litt i bakevja, rett ved ei stor, grøn plante som heldt på å lage sin eigen jungel i hjørna. Men her var det stikkontakt. Her såg han både ut… Continue reading Litt.tekst -april