Litt.tekst – november

Han kjente irritasjonen begynne å murre nedi magen. Ein kjapp kikk på armbandsuret fekk han til å kvele den. Det var han som var altfor tidleg. Ikkje ho som var sein. Han hadde ikkje visst kor det var, og hadde rekna rikeleg med tid. Så mykje at han no satt her og gira seg opp over noko som ikkje var hennar feil i det heile. Han kunne ikkje vera irritert når ho kom. Ikkje denne gong.

Han tok tak i kaffekoppen. Den var allereie tom. Dei hadde god kaffe her. Ventetida hadde han brukt til å studere alt som var på menyen. Så mykje framand. Men midt blant alt saman hadde han funne noko kjent. Noko han hadde sakna utan å vite om det. Dronning Maud med kransekake, det ville han ha. Kva tid hadde han ete det sist? Sikkert i eit eller anna bryllaup for lenge sidan.

Rundt han satt fleire fordjupa i samtale. Berre han var aleine. Nokre par, nokre venner. Stemmene deira samla seg til eit lågt surr. Berre eit og anna ord kunne høyrast over musikken. Og latteren, så klart.

Det regna då han fann vegen hit. Nå klistra buksa seg ubehageleg til låra. Han drog litt i den og tenkte på korleis ho alltid hadde hata regn. Han hadde gjort narr av henne for det. Sagt at då budde ho på feil side av landet. Det hadde vore morosamt, heilt til ho tok han på ordet og flytta.

Kom ho ikkje snart? Kvar gong nokon kjem innover i lokalet rykker han til, pulsen stig. Og så søkk han saman igjen når det viser seg å vera ein annan, også denne gong.

Han skjøna godt kvifor ho ville møte han her. Slik må det sjå ut oppi hovudet hennar, tenkte han. Ho var alltid omgitt av venner og bøker. Når ho ikkje las, song ho, og når ho gjekk var det musikk i stega hennar. Ho var så full liv. Han kjende seg tom. «Kan du ikkje berre lese ei bok av og til» hadde ho sagt meir enn ein gong når samtalane deira gjekk i stå. Han hadde tenkt å gjere det, det hadde berre ikkje blitt.

Nå var ho for sein. Han fiska brillene og mobiltelefonen opp av skjortelomma. Ikkje ei melding. Ikkje hadde ho ringt heller. Han venta ei stund til, pinsamt aleine ved bordet sitt. Så møtte han blikket til servitøren og gav han eit lite nikk.

Eit hardt sinne fløymde gjennom han etter at han hadde betalt. Han treiv tak i jakka og reiste seg brått. Ville ut og heim. Søke tilflukt i mørket og regnet. På veg mot døra bråstoppa han. Han såg sitt eige andlet på eit bokomslag. Stoner, stod det med store bokstavar. Han trudde ikkje på teikn, men akkurat denne boka skulle han lese.

Leave a comment

Your email address will not be published.