Litt.tekst – desember

Han såg på henne medan ho runda leppene til ein o og blåste forsiktig på den rykande varme sjokoladen. Eit intenst behov for å lene seg fram over bordet og kysse henne fløymde gjennom han, men han blei sitjande. Ho varma dei kalde hendene på koppen. Kinna hennar var raude etter timane dei hadde brukt på å gå inn og ut mellom dei varme butikkane og den kalde gågata. Pausen var kjærkommen, og nå sat dei ved kafébordet omringa av store og små handleposar.

Korleis var det mogleg å ha så lang gåveliste? Så mange menneske å vere glad i og tenke på. Sjølv kjøpte han to gåver. Ei til mora og ei til henne. Ei glede flamma opp i brystet hans. Snart skulle han kjøpe ei gåve til.

Han hadde aldri vore her før. Men dei som arbeida her helste på henne som ei kjær venninne. Her også. Over alt var det slik. Og kvar gong forundra det han, at blant alle dei som helste på henne var det nettopp han som fekk lov til å komme og gå saman med henne.

Ho sette koppen frå seg.

– Kvalm?

Ho rista på hovudet.

– Sliten?

Ho nikka.

Sjølvsagt var ho det. Dette var første dagen på lenge dei hadde gjort noko anna enn å vere heima.

Ho fiska opp ein pose frå golvet og la den bittelille bodyen midt på bordet. Det hadde vore ei rar oppleving å gå mellom stativa i babyavdelinga for å finne den. Som om dei gjorde noko forbode. Brått blei han redd. Tenk om dei hadde jinxa noko.

Ho strauk handa varsamt over bodyen.

Så liten den var. Var babyar verkeleg så små?

Han kom på gåvene han hadde gitt mora dei siste åra. Heilt greie gåver. Fine ting. Ein kaffetraktar, ei bok ho hadde ønska seg, ein gong ein fin vase. Men ingenting kunne toppe denne. Ville mora forstå når ho pakka opp det vesle plagget?

Han såg på henne over bordet. Verkeleg såg. På håret som krølla seg lett ved øyrene etter snøfallet, dei raude kinna, dei blå, blå augene. Og heile han håpa at dette vesle barnet måtte vekse opp til å likne på henne. Han skulle i alle fall vere der. Kvar einaste dag. Sørge for at dei hadde det bra. Begge to. Alltid.

Og for første gong på det han kunne hugse, kunne han kjenne at han gleda seg til jul.

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *