Litt.tekst – februar

Ho skubba boka på plass inn mellom dei andre og slapp ut pusten ho ikkje var klar over at ho hadde halde inne. Bokhyllene strekte seg opp mot taket. Ho følgde dei med blikket heilt opp til lysekrona.

I kaféen summa det med liv allereie. Fulle fat med oppskoren frukt, nybakte rundstykke og kaffekoppar på størrelse med små badekar strøymde ut frå kjøkkenet. Heldige var dei som kunne ha frukosten sin her i godt lag.

Sjølv hadde ho ærend. Ei gåve. Og sidan bøker var det beste ho visste, og det ho alltid ønska seg, var det det ho kjøpte til andre. Ho hadde allereie sett tilbake fleire bøker ho gjerne ville tatt med seg heim, men i dag skulle ho berre kjøpe denne eine. Om ho berre visste kva for ei.

Ho trudde fullt og fast på at ein person som ikkje les berre er ein som ikkje hadde funne rett bok ennå. Denne trua hadde ført henne hit i dag. På leit etter boka som endeleg ville gjere mor hennar til ein lesar. Inga lita oppgåve for papir, trykksverte og stive permar.

Ho var spent på morgondagen. Dei baud alltid på uro, desse merkedagane. Med dei følgde ei bruksrettleiing dei aldri heilt fekk til. Begge spelte rollene sine etter beste evne. Ho, den glade og omsorgsfulle dottera. Mora, takknemleg og gjestfri. Likevel skurra det.

Det var som om dei var stilt inn på litt ulik kanal. Alt kom litt skeivt ut, blei formulert litt klønete og oppfatta litt annleis enn det som var intensjonen. Etter ein time og halvannan i dissonans kjendest det alltid som ei lette å lukke døra mellom dei.

Kunne det bli annleis denne gong? Håpet bar ho med seg kvar gong dei møttest. At dei skulle le saman, snakke saman om noko som betydde noko. Glede seg over noko i lag. Så rart at det går an å bli så ulik den ein kjem frå.

På eit eller anna tidspunkt var dei komne vekk frå kvarandre, og ennå strevde dei for å finne vegen tilbake.

Kor kunne ein finne kart for slikt?

I staden snudde ho seg mot korthylla og plukka opp eit med raude roser og orda «Gratulera med morsdagen».

2 comments

Leave a Reply to Marit Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *