Litt.tekst – mars

Ho stod bak disken og trippa. Til vanleg elska ho jobben sin. Kom gjerne litt tidleg for å kikke på kva nytt som var kome i bokhyllene, gjekk litt seint fordi praten gjekk så godt og ho hadde god tid. Men i dag kjendest det annleis. Uroen kribla i henne. Enda ein gong såg ho på klokka, og ennå var det ei stund igjen før skiftet var over.

Hagebok-utstillinga hadde stått framme nokre veker allereie. Dei fargerike omslaga med dei vakraste blomar lyste mot henne. Ho smakte på namna. Silkepeon, anemone, dahlia. Ho drøymde om ein slik engelsk cottage garden med frodig blomstrande staudebed. Ein slik hage der ein kunne gøyme seg i hemmelege krokar, der det dukka opp noko nytt rundt kvar ein sving, der plantene saman laga eit vakkert kaos.

Nå kasta ho lengtande blikk ut vindauga kvar gong ho gjekk med fulle fat til eit bord, og kvar gong ho tok tomme fat frå eit anna. Slik brukte det ikkje vera. Til vanleg følgde ho med på det som skjedde rundt borda i kafeen. Laga seg forteljingar om kven gjestene var, kor dei kom frå og kvar dei skulle. Det var ikkje slik at ho lytta, men det var umogleg å unngå at ei og anna setning fløyt forbi øyra hennar. Nokre av dei så gode at ho skreiv dei ned i ei lita svart notisbok når ho igjen var trygt inne på kjøkkenet.

Ho elska å vere her. Lukta av kaffien dei brygga, bakverket som kom rykande ferskt ut av omnen, synet av dei elegante kakene. Ho likte å sjå overraskinga i auga til dei som stakk innom for første gong, begeistringa då tallerkane vart sett framfor dei, og, mest av alt, sjå at dei kom tilbake seinare. Då gjerne saman med nye ansikt.

Men i dag var merksemda retta mot det som var utanfor. Mot sola, mot våren. Ho gleda seg til å komme heim, finne fram hanskane, trillebåra og raka og så ta fatt på å skape sin eigen draum.

Leave a comment

Your email address will not be published.