Litt.tekst – april

«Skal, skal ikkje», sa det i hovudet hennar medan ho gjekk og kikka på bøkene.

«Skal, skal ikkje», sa det i hovudet hennar medan ho fann seg eit bord, inst inne ved pianoet, og sette seg til rette i dei mjuke stolane.

«Skal, skal ikkje» var det einaste ho klarte å tenke på for tida. Det kverna konstant rundt i hovudet hennar og fylte kroppen med uro. Spørsmålet tok merksemda hennar vekk frå arbeidet, vekk frå samtalar når ho møtte venner og vekk frå serien ho prøvde å få med seg om kveldane for å kunne henge med i samtalen i lunsjen.

Ho hadde jobba hardt for å finne svaret. Tenkt grundig. Diskutert med fleire. Skrive lange lister med kolonnar for og imot. Det var lett å finne argument imot. Likevel, alle blei raskt trumfa av dette eine, store argumentet for. Ho måtte. Ho ville. Men så snart ho tenkte det, kom tvilen. Kunne ho? Ville ho klare det?

Ho hadde snakka med fleire venninner. «Sjølvsagt skal du det!» hadde ei sagt. Heilt trygg i tilbakemeldinga si. Ei anna hadde sagt «Du kan ikkje seriøst meine at du vurderer det? Er du sprø» med like stor visse.

Ho hadde søkt råd hjå foreldra. Lengta tilbake til den tida der det var deira ansvar å ta dei rette avgjerslene. Ho hugsa korleis ho hadde hata det som ungdom, men nå, når ho eigde heile ansvaret sjølv, kunne ho ofte kjenne på ein trøyttleik. Kor godt det hadde vore å berre lagt dei store avgjerslene i hendene på nokon som var betre til å vera vaksen enn ho sjølv.

Dei hadde sagt det rettaste nokon kunne seie. «Det er ei stor avgjersle, og det er ingen andre enn deg som kan ta den. Men uansett kva du vel, støttar me deg.» Det var godt å høyre, men det var lite til hjelp.

Stemma til dama ved nabobordet rykka ho ut av tankerekka. Stemma var litt for høg, litt for oppspilt. Ho kikka bort, såg det raude fjeset og dei urolege rørslene hennar. Kva var det som stod på? «Eg veit at eg ikkje er heilt rektige», sa dama og lo skingrande, «men det er begrensa kor gale det kan gå!»

Orda laga ekko i hovudet hennar. «Det er begrensa kor gale det kan gå. Det er begrensa kor gale det kan gå.» Ho sette koppen frå seg og tok ein bit av kakestykket. Ho visste kva ho skulle gjere. Og medan sitronkremen smelta på tunga kunne ho kjenne uroa i kroppen vike og gi plass til ei visse ho lenge hadde sakna.

Leave a comment

Your email address will not be published.