Litt.tekst – mai

Ho la fingrane varsamt på tangentane. Hugsa med eit smil spørsmålet frå ei fortumla venninne: «Korleis veit du kor du skal trykke utan å sjå?». Kanskje kunne det samanliknast med å køyre bil? I starten må ein tenke på alt. Kva pedal som skal brukast til kva, korleis ein skal flytte girstonga, kva ein må sjå etter og hugse på på veg inn mot eit kryss. Men så, etter å ha øvd lenge nok, veit kroppen kva den skal gjere heilt av seg sjølv.

Nå, etter alle desse åra med øving, kjendest pianotangentane mest som ei naturleg forlenging av hennar eigen kropp. Ho tenkte aldri over kor ho skulle finne dei. Gjekk ho for lenge utan å spele, kjendest det som ein verk i kroppen. Ho stivna til, blei framand i eiga hud, uvel. Tok til å undre på kva som var gale. Men då ho fekk sett seg på pianokrakken igjen, løsna det og ho fekk puste fritt. «Åja», tenkte ho då, «sjølvsagt!».

Ho hadde svevd heim etter ho fekk denne jobben. I praksis var det som å få betalt for å øve, og øve gjorde ho jo uansett. Pianoet stod inst inni lokalet, og av og til greide ho å late som at ho var aleine. Det var hundre gonger betre enn å sitte i lyset midt på ein gigantisk scene utan å kunne vite kor mange auger som stirra på henne og venta på at ho skulle gjere feil.

«Dei gjer ikkje det» hadde venninna sagt, «dei berre nyt å lytte til deg». Men tanken slapp ikkje taket. Difor var det bra å spele her. Der praten summa rundt henne, og ingen eigentleg brydde seg om at ho var der. Musikken var mest ei kulisse, og sjølv var ho heilt uviktig.

I matpausen fekk ho ete alt ho ville av det som låg i disken. Mett, og med melisdryss på kinnet, brukte ho resten av pausetida til å vandre langs hyllene for å sjå kva som frista denne gong. Utruleg kor mange fleire bøker ho hadde lese etter at ho starta her.

Tilbake ved tangentane såg ho seg rundt. Alle ansikta som nå var fordjupa i samtale og gleda over eit godt måltid. Forstyrra ho dei? Eller einsa dei verken musikken eller fråværet av den? Uansett, jobben hennar var å spele, så det skulle ho gjere. Ho leita fram nokre av hennar eigne favorittar og lot seg forsvinne inn i dei. Sendte mjuke tonar ut i rommet, der dei dansa mellom prismane i lysekrona og strøyk seg langs bokryggane i hyllene. Ho forma vare moll-akkordar som lot seg muntre opp av nydeleg pynta bakverk og kaker. Lot musikken famne alle som sat der i ein varm klem. Då siste akkord tona ut, opna ho auga og møtte eit tårevått blikk tvers over rommet.

Leave a comment

Your email address will not be published.