Litt.tekst – juni

Han stod framfor hylla og følte seg litt lost. På måfå trakk han ut ei og anna bok, kikka på dei og putta dei rådvill på plass igjen.

Det hadde kjenst som ein god idé på førehand, men nå følte han seg berre tåpeleg. Herregud, skulle han ikkje få til dette ein gong?

Han drog mobilen opp frå lomma og kikka kjapt på den. Ingenting nå heller. Akkurat som då han sjekka for ein augneblink sidan. Dette var til å bli nervevrak av.

Han kikka lenger inn i lokalet. Såg bordet dei sat ved sist han var innom. Han hugsa den varme sjokoladen og dei raude kinna hennar. Håret som krølla seg på grunn av snøen som smelta i det. Korleis spenning og glede dansa i magen hans.

Mor hans hadde elska julegåva.

Nå kunne det skje kva tid som helst. Difor gjekk han berre rundt seg sjølv for tida. Sjekka mobilen konstant (framleis ingenting), klarte knapt å få med seg kva dei snakka om i lunsjen, og kunne ikkje komme seg fort nok heim etter jobb.

Difor var det så rart at han nå stod her. Sulla vekk tid medan ho venta aleine heima.

—Er det den første?

Stemma ved sida av han fekk han til å kveppe.

—Hæ? sa han medan meininga bak spørsmålet sank inn. —Å, ja.

—Tenkte meg det, sa mannen ved sida av han og humra litt.

—Korleis skjøna du det? spurte han, sjølv om det likna han lite å prate med framande.

—Du står forvirra framfor ei barnebokhylle og sjekkar telefonen støtt. Fekk meg til å tenke på då sonen min venta første ungen, seier mannen og smiler lunt i skjegget.

—Sambuaren min er så glad i bøker, så eg tenkte…

—Godt tenkt. Det set ho nok pris på.

—Joda, men liksom, babyen kjem ikkje til å skjøne nokon ting. Så eigentleg var det teit, seier han, trekk på skuldrane og tek eit steg vekk frå hylla.

—Den skjønar fanget og den varme røysta. Det var ikkje teit i det heile, seier mannen og legg ei hand på skuldra hans. I den andre held han ei bok. — Du kjem til å bli ein god far, seier han og rekk boka mot han.

—Korleis kan du vite det? seier han medan han tar imot boka og møter blikket til mannen.

—Du stiller opp allereie. Det er berre det det handlar om, seier mannen og smiler igjen. — Lykke til med alt som ventar.

Så er han borte.

Og i lomma byrjar telefonen å vibrere.

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *