Litt.tekst – juli

Døra gjekk opp og igjen. Opp og igjen. Kvar gong kjende ho eit blaff av varme. Dei som kom inn hadde sveitte ansikt og tørka av panna i det dei tok av solbrillene. Barna lukta av varme og solkrem. Sjølv likte ho seg best i skuggen. Når sola stod på det høgaste, fann ho fram stråhatten, eit stort glas iste og sette seg i godstolen på terrassen med ei bok. Eller var her. Det var fint å vere her om sommaren.

Ho tok i mot damene som trong hjelp til å velje kva roman dei skulle ha med seg på stranda i syden. Noko passe lett, passe underhaldande og gjerne i form av ei litt tjukk paperback som tok seg godt ut.

Ho tok i mot ungdommane som leita etter det siste nye frå #booktok. Etter ei stund hadde ho konkludert med at også ho måtte vere der for å følgje med i tida. For å vite kva bøker som måtte stå fremst i ungdomshyllene. Kva bøker dei ville ha, men knapt våga å spør etter.

Ho tok i mot dei som framleis ønska seg reiseguide trykt på papir. Ei ein kunne putte i sekken eller veska, med fysiske kart der ein kunne bli kjent med nye byar og teikne inn kor ein ville gå og kva ein ville sjå. Ho ønska dei alltid god tur på veg ut døra.

Når det var stille hadde ho gjettekonkurransar med seg sjølv. Kva ville neste person som kom inn spørje etter? Den siste bestseljaren, eller ei smal bok dei kun fann etter intens felles leiting? Då kjentest det alltid som ein seier når dei endeleg lukkast. Var dei berre kafégjester, eller ville dei ha bøker også? Eller kanskje berre bøker? Nokre gonger gjetta ho rett. Oftast tok ho feil.

Aller best likte ho å hjelpe dei barna som var midt i verste slukealderen. Dei som hadde talt ned til at nettopp DEN boka skulle komme. Og som nå stod og trippa framfor disken medan treige foreldre somla med betalinga. Dei barna ville aldri ha pose. Dei greip fast tak i boka med begge hender og eit strålande smil. Ho såg for seg at barnet tok kortaste vegen heim, krøyp innunder dyna, uavhengig av vær eller tid på døgnet, og fordjupa seg i det etterlengta eventyret.

Eit slikt barn hadde ho vore. Og ein slik vaksen var ho blitt. Leselista vart aldri kortare, og gleda av å dykke ned i ei god bok vart aldri mindre. Og nå, når ferien kom, kunne ho la seg forsvinne inn i dei mest fantastiske forteljingar i timar om gongen. Dag etter dag. Ho gleda seg til å la fantasien bere henne til fjerne strøk, til gamle tider og stader som berre fantes mellom orda i ei bok.

Ho visste ho var heldig. Det var dei som lengta etter at arbeidsdagane skulle ta slutt. Det var dei som såg på feriane som sårt tiltrengde oasar i eit langt arbeidsår. Ho gleda seg til å gå på jobb kvar dag. Nokre gonger gjekk ho innom også når ho hadde ferie. For å slå av ein prat. For å finne meir lesestoff. For å ete ein av dei flotte salatane dei laga sommarstid. Med allslags fargar og grønsaker ho nokre gonger måtte spørje etter namnet på. Men visst var det fint med ferie og. Og om berre nokre timar var ho klar.

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *