Litt.tekst – oktober

—Ingrid, kan du gå ned å hente fleire serviettar?

Altså, eit så enkelt spørsmål burde ikkje vere nok til å gi meg hjarteinfarkt. (Berre eit bittelite, altså). Men i eit sekund stoppa eg bokstavleg talt å puste.

—Eh, dei ligg i det rommet i kjellaren, gjer dei ikkje?

—Jo, det minste rommet inst i gangen.

Ingen plass, verken i annonsa eller i intervjuet, blei det sagt at jobben innebar at ein av og til måtte ned i verdens skumlaste kjellar for å hente ting. Og det er ikkje akkurat normalt å skrive i jobbsøknaden «Obs! Eg er 22 år, og kjempemørkeredd». Alle dei gongene eg hadde vore her som gjest, hadde eg alltid tenkt at dette var verdens koselegaste plass. At dei som jobba her var sjukt heldige. Eg hadde så lyst på denne jobben at eg heldt på å døy av nervøsitet då eg sendte søknaden. Og då eg fekk den, jubla eg så høgt at alle i kollektivet lurte på kva i all verda som skjedde.

Nå er eg litt meir i tvil. Kor ofte må eg eigentleg ned der? Og aleine?! Kan ikkje akkurat seie til sjefen «Sorry, eg nektar, eg er mørkeredd». Det er jo ingen over ca. 12 år som er det.

Eg har vore der to gonger før, og begge gongene enda eg opp med å måtte spurte opp trappa. Det kjendest verkeleg som om eit eller anna kom rett bak meg. Seriøst, eg fekk gåsehud. Skikkeleg ståpels. Det berre spøke der.

Til og med døra til trappa er skummel. Må ta i for å få den opp. Tenk om den set seg fast på ordentleg. Tenk om eg blir ståande øvst i trappa og rive i ei dør som nektar å opne seg. Vil dei høyre at eg dundrar på den nå når pianisten er her? Den lyspæra som heng i taket er sikkert hundre år gamal. Kan ryke kva tid som helst. Herregud, då blir det mørkt her.

Og seriøst, trappa er livsfarleg. Så sjukt bratt. Knekk nakken om eg snublar her. Og tenk om det er spindelvev på rekkverket?

Så mange dører det er her nede. Nei, Ingrid, det er ingen bak dørene. Du er heilt aleine. Det er ingen andre her. Ingen mordarar, ingen spøkelser, ingen monster. Du er heilt aleine. OMG, eg er heilt åleine! Her nede. Der, der er døra. Serviettar, ein to tre pakkar, det er nok. Sånn, tilbake til trappa nå, roleg, roleg.

Kven prøver eg å lure. Spring! Kom deg vekk herifrå! Tenk om kjellardøra har låst seg? Eg må komme meg opp før lyspæra går. To og to trinn om gongen, herregud, eg kjenner det er nokon som kjem bak meg, eller, enda verre, noko!

Ok, kanskje eg skal la vere å smelle kjellardøra så hardt igjen ein annan gong. Det er ikkje så veldig kult at alle stirrar på meg rett etter at eg har sloppe unna ein grusam og frykteleg skjebne. Pust roleg. Lat som ingenting. Vær kul, Ingrid.

—Her er serviettane. Skal eg lage dei klar?

—Åh, ja, tusen takk, du er ein engel, Ingrid. Eg er så mørkeredd at eg hatar å gå ned dit sjølv. Det er jammen godt eg har deg å spørje!

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *