Litt.tekst – januar 2023

Ho tok tak i dørhandtaket, drog den blå døra godt inntil og vrei om låsen. Ein etter ein hadde ho sendt dei andre heim. Det var ikkje så mange som hadde tanke for verken kafé eller bokhandel i dag. Ute mørkna det alt. Inne i butikken glitra og skein det i julepynten. Snart skulle det vekk, alt saman. Ho gleda seg alltid til å sjå Litt.godt julepynta, men når desember var over var det som om heile lokalet fekk puste fritt igjen når pynten vart pakka ned.

Ho fann seg ein av dei største koppane, fylte den med varm sjokolade og tok den med seg på vandring rundt i rommet. Det er vanskeleg å unngå å bli nostalgisk på nyttårsafta, og denne gong prøvde ho ikkje ein gong å la vera.

Julemusikken spelte framleis i bakgrunnen. Bokstaveleg talt på siste verset. Den fekk henne til å tenke på Julie og julekonserten dei spelte tidleg i desember. Alle dei åra ho hadde drøymt om nettopp dette, ein stad der ho kunne omgi seg med bøker og søte saker, å lage ein møteplass for folk som elska bøker, å lage eit rom som minna mest om det mørke biblioteket i eit engelsk herskapshus, aldri hadde ho tenkt på dei som kom til å jobbe der saman med henne.

Den hektiske, desperate starten der ho statsa meir enn ho eigentleg kunne. Då ho gjorde alt sjølv, og var så sliten og lykkeleg samstundes at ho i etterkant ikkje kunne forstå korleis det var mogleg. Og så, endeleg, hjelpa. Først på kjøkkenet, så med serveringa og så i butikken. Kvar gong eit hopp ut i det ukjente, og kvar gong hadde ho fått meir tilbake enn ho hadde våga håpe på.

Det var noko av det kjekkaste. Å sjå dei vekse, finne sin plass og så bli med å gjere Litt.godt til noko enda betre. Lenge hadde ho trudd at draumen hennar måtte vernast om. At å dele den ville øydelegge den. Men når ho først måtte, oppdaga ho at det var det motsatte som skjedde. Dei pusta nytt liv i draumen, gav den fleire fargar og meir liv.

Ho retta på nokre bøker som stod skeivt, sette stolane fint inntil bordene og slukka eit og eit av dei mange små lysa som lata som om dei var av talg. Til slutt var det berre lysdropane frå krystall-lysekrona som strauk over bokryggane. Ho hadde følt seg gal den dagen ho kjøpte den. Lenge før Litt.godt eksisterte nokon annan plass enn i draumane hennar. Men ho såg den og berre visste at ein dag, ein dag skulle den henge midt i bokkaféen hennar. Og nå gjorde den det.

Kva ville det nye året bære med seg? Ho gleda seg til meir av alt det som hadde vore. Fleire konsertar, fleire lesestunder, fleire bøker, fleire kaker og fleire kunder. Og mest av alt gleda ho seg til å dele det med Julie, Ingrid og dei andre som gjorde Litt.godt til akkurat det ho så lenge hadde drøymt om .

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *