«Du veit på søndag …»
«Ja?»
«Me skal ikkje heller berre møtast på Litt.godt?»
«På Litt.godt?»
«Ja, den kaféen du har snakka om.»
«Ja, eg veit kva Litt.godt er. Men…»
«Men kva då?»
«Nei, ingenting. Sjølvsagt kan me møtast der. Eg spanderer!»
«Du treng ikkje det.»
«Sjølvsagt skal eg det! Det er jo morsdag.»
***
Hilde sat uroleg på stolen. Strakk hals og kikka mot døra. Ikkje godt å seie kvifor. Jenny var alltid sein. Ho vart født ei veke etter termin, og sidan hadde det berre halde fram slik.
Serveringsjenta, Ingrid var det vel, tok runden. Leverte ut mat og rydda bord. «Hei Hilde, velkommen!» helste ho på veg forbi og inn til kjøkkenet. Tenk det, ho hugsa namnet hennar. Dei siste månadane hadde ho vore fast gjest på alle lesekveldane. Det kjendest av og til som om dei var blitt ein liten gjeng. I alle fall dei fem som pleidde stoppe igjen og ta ein kopp kaffe og eit kakestykke etterpå. «Pensjonistgjengen» sa dei, til god latter og tilgjort fornærma uttrykk rundt bordet. Det var ikkje alle av dei som hadde kryssa den grensa ennå.
Jenny kom inn gjennom døra. Ikkje slik Hilde ville gjort det, med raude roser i kinna og høg puls. Nei da, ho gjekk roleg innover langs bokhyllene. Med eit litt fjernt blikk som tilsa at tankane var opptatt på anna hald. Ikkje før ho stoppa for å sjå seg om etter Hilde, returnerte ho til her og nå.
«Gratulera med morsdagen!» sa ho og bøygde seg fram for å tilby ein klem. «Så fint å møte deg her.»
Ho lukta godt. Av fersken, kanskje? Jakka var mørkeblå og såg dyr ut. Hilde var stolt av det, at Jenny klarte seg så godt.
«Så, har du funne ut kva du vil ha?» sa Jenny og forsvann bak menyen. Det hadde ho, for lenge sidan, og medan Jenny fordjupa seg i bokstavar og forlokkande smakar, let Hilde blikket vandre langs framande ansikt. Ein liten gut som lykkeleg gapte mot ei skei med krem, ei eldre dame som raskt tørka vekk ei mjølkeskumbart, ein mann som tråkla ei barnevogn mellom borda. Og så, eit kjent, brunt blikk borte ved døra.
Varmen spreidde seg frå magen og opp til ansiktet. Kom ut i eit smil som spegla hans. Han heva handa til ei helsing og så ein forklarande gest som viste henne følgjet han var i. Ho trakk på skuldrane og smilte. Forstod kva han meinte. I dag var ikkje dagen. «Torsdag» sa han lydlaust med leppene, og ho nikka.
«Mamma?» høyrde ho Jenny seie «Kven er det? Kva?»
Joda, denne morsdagen hadde dei visst mykje å prate om.