Han hadde ikkje visst kor han skulle gå. Men det kjendes som om veggene i leiligheiten kraup tettare på for kvart minutt, og den låge sola gjorde rommet kokvarmt og kvelande. Så han kledde på seg sjølv og henne, trassa uroa for å gjere noko feil, og kom seg ut i den friske lufta.
Å fylle lungene utanfor døra var som å puste inn rein energi. Sola som plaga han i stad, varma nå fjeset hans og fekk han til å angre på at solbrillene låg igjen inne. Det fekk berre vere. Ikkje tale om at han sleit seg opp trappene med alt saman ein ekstra gong.
Så gjekk dei. Aleine på tur for første gong. Han fann vegen inn mot sentrum. Dei han møtte hadde opne jakker og smil i andleta. Først protesterte ho, så blei ho liggande å småprate med seg sjølv, til slutt glei auga igjen. Stega hans endra seg i takt med hjarterytmen hennar. Frå brå og raske, til roleg slentrande. Dette gjekk jo bra.
Det var så rart det språket. Alle lydane ho fann fram. Umoglege å forstå, og likevel såg det ut som at alle som nokon gong hadde hatt eit barn kjente til dei. Han prøvde kun i einerom. Følte seg like latterleg kvar gong. Men ho vesle i vogna såg ut til å like det, og det var ikkja akkurat sånn at ho sladra.
Han visste ikkje at det var dit han var på veg, før han stod framfor den blå døra. Utstillinga i vindauga såg annleis ut enn sist. Alt som minna om alle hjerters dag var rydda vekk. I staden var våren komen. Påskeegg, pastellfargar og bøker om blomar viste seg fram på beste vis.
På stolane utanfor sat det allereie fleire. Inntulla i pledd, med hendene om rykande varme koppar og barnevogna ved sida av. Det var ikkje berre han som gjekk slik med hjarta utanfor kroppen. Han fann seg ein plass, slapp skuldrane ned og lot sola smelte vekk siste rest av uro.