Det regna. Dråpane traff vindauga og laga striper nedover glasflatene. Ute skunda folk seg forbi med fargerike paraplyar og allværsjakker. Dei som opna den blå døra ga uttrykk for eit slags svik. At månaden allereie hadde skuffa. Dei var klar for varme og blå himmel. Regnet høyrte andre årstider til.
Sjølv kjente ho på ei slags lette. I dette været var det lite anna å gjere enn å krølle seg saman under eit pledd med ein stork kopp te og ei god bok. Ho måtte berre bli ferdig på jobb først.
Lukta av dampande våte plagg blanda seg med luktene frå kaféen. Det var fullt allereie. Det virka som om ingen ville ut igjen. Foreldra blei sitjande ved bordet å preike, medan ungane tok stadig større sirklar rundt om i lokalet. Utolmodige etter at noko skulle skje, etter å komme seg vidare. Kanskje var dei blitt lova ein tur innom leikebutikken, kinoen eller biblioteket.
Ho gjekk rundt blant hyllene. Sette på plass alle bøker som på ein eller annan mystisk måte hadde flytta på seg. Retta på stablane. Henta påfyll frå lageret der det hadde opna seg hol. Tørka vekk små fingeravtrykk frå bøker om bilar og dinosaurar.
Kva bok skulle ho lese i dag? Det var ikkje få bøker ho kom heim med frå Litt.godt. I tillegg var ho fast kunde hjå biblioteket. Så mange gode bøker, så lite tid. Kva var ho i humør til i dag?
Ho leste det meste. Dei fleste bøkene valde ho av eigen lyst, nokre fordi ho måtte vite kva ho skulle seie om kundane spurte. Men alt som smakte av kvardag og røynda prøvde ho å unngå. Kva var vitsen å lese om det? Når ein først hadde moglegheita til å reise kor som helst, oppleve kva som helst, kvifor skulle ein velje å lese om her og nå? Det kunne ein gjere i avisa.
Ho ville heller la seg forføre. La fantasien få fritt spelerom og kjenne på heilt andre liv. Forlate grovt brød og kollektivreiser til fordel for lembas og spindelslør. Når verda ho var i til vanleg var så sørgjeleg fri for magi, gjaldt det å finne den der ho kunne.
Ho møtte blikket til mannen ved disken og gjekk for å hjelpe han.
«Skal eg pakke den inn?» spurte ho. Kjende ho vart glad for at han hadde plukka med seg akkurat denne boka. Han raudna, kremta før han svarte.
«Nei, det er ikkje noko gåve»
«Det er ei av mine favorittar» sa ho og smilte. «Håpar du likar den. »
Ho såg etter han medan han tok hetta over hovudet og opna døra. Bjella klang, og så var han borte.