Litt.tekst – juli 2023

Ho sette seg ytst på stolen og irriterte seg ein augneblink over at det var så mørkt her inne. Kinna vart varme då ho hugsa på solbrillene.

Kjensla av å vere på rømmen gnog i henne. Tenk at ho skulle vere ei slik. Men akkurat nå orka ho ikkje meir. Ikkje meir klissete fingrar, ikkje meir leverpostei på kleda, ikkje meir solkrem som skulle på nokon som absolutt ikkje ville. Ikkje meir mas om is, snop eller plastikkduppedittar, som rett etter at den første gledesrusen ga seg ville bli redusert til enda eit skritt på vegen til global oppvarming.

«Time out!» hadde ho sagt, eller kanskje ropt. «Eg må gå. Elles klikkar eg. Ikkje ring meg utan at nokon held på å døy.»

Så hadde ho lempa den klissete, skrikande ungen over i armane hans, snudd på hælen og gått. Utan å sjå seg tilbake.

Nå sat ho her og beit negler. Aleine på ein kafé ho aldri før hadde høyrt om, i ein by ho aldri før hadde vore i. Og ein eller annan stad der ute var dei tre ho var mest glad i av alle her i verda, men som ho akkurat no ikkje orka eit sekund til av. Det gjekk ikkje an å gjere slik. Ho måtte gå tilbake.

­—Hei! Kva har du lyst på i dag? spurte ei vennleg stemme.

Ho festa blikket først på det blide fjeset, så på namneskiltet ho bar. «Ingrid» stod det.
—Iskaffi, har du det? svarte ho, og kjende korleis kroppen liksom slapp taket. Ein iskaffi måtte da vere greitt.
—Sjølvsagt, svarte Ingrid. —Den er skikkeleg god. Vil du ha noko å ete også? Dagens er Cæsar-salat. Elles så har me mykje godt å velje i borti disken.

Mat. Det var ein tanke. Hadde ho eigentleg ete sidan frukost? Berre nokre bit av eit rundstykke med leverpostei. Eldstemann hadde fått hennar etter at han mista sitt i sandkassa på leikeplassen.

Kunne ein i det heile gjere slikt? Sitte aleine på kafé og gofle i seg godsaker. Dette var jo familietid. Dei skulle lage minner, oppleve ting saman. Dei skulle nyte denne tida, for den forsvann så fort og kom aldri tilbake.

Kva var det storesøstera hennar hadde sagt så mange gonger? «Det beste du kan gjere for familien din er at du har det bra sjølv. Du må ta på di eiga maske først.»

Ho hadde berre rista på hovudet. Ho kunne ikkje tenke på seg sjølv nå lenger. Det var så mange andre som var viktigare. Korleis kunne søstera i det heile seie noko sånt.

Det plinga i mobilen og eit lite spøkelse dukka opp på skjermen.

«Korleis går det i varmen? Ferie er ikkje alltid som på Facebook, du veit det? Klem!»

Korleis kunne storesøster vite? Ho visste alltid.

Kva skulle ho svare? «Alt fint her, deilig med ferie!» Nei, berre tanken på å skrive det smakte dårleg.

Men nå visste ho. Ho tok bilete av iskaffien og tallerken med salat. Oppå bildet skreiv ho «Dagens maske: Ein time aleine på kafé!»

Så skrudde ho av lyden, la mobilen i veska og starta måltidet.

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *