—Hei, så godt å sjå deg! seier ho å legg armane rundt meg. Klemmer meg ordentleg. Ho skulle berre visst kva det kosta. Eg skrapa meg opp frå sofaen, tvang meg til å friske opp sminka og gå ned hit.
Eigentleg orka eg ikkje. Eg sa det til Thomas mange gonger. Men han let meg ikkje sleppe unna. «Du har godt av å lufte deg litt, Emilie. Dessutan er det evigheiter sidan du har sett Thea».
Det hadde han rett i. Det kjennest som eg har levd eit heilt liv sidan eg såg Thea sist.
—Fortel, seier ho og ser på meg med forventningsfulle auger. —Eg vil vite alt som har skjedd sidan sist me møttest! Iben er jo berre heilt nydeleg.
—Men du veit jo alt, seier eg. —Me chattar jo kvar dag.
—Det er ikkje det same.
—Kan ikkje du fortelje, heller. Eg gjer jo berre det same heile tida. På jobb, heim til Iben og Thomas, prøve å sove litt medan Iben søv, og så er det jobb igjen.
Eg trekk på skuldrane. Så, utan at eg skjønar kor dei kjem frå, stig tårene i auga mine. Eg bøyer andletet, grip hardt fast i menyen og studerer den intenst. Skal eg verkeleg øydelegge denne stunda? Hadde eg berre ikkje vore så sliten.
—Finn du noko som fristar, spør Thea. —Det var skikkeleg fint her. Er du her ofte?
Eg nikkar først, og så ristar eg på hovudet.
Alt fristar. Ingenting fristar. Eg vil heim, og eg vil ikkje heim. Eg var her ofte, og er her aldri. Kven skulle tru at livet skulle bli så … så mykje.
Handa til Thea legg seg over mi.
—Du, seier ho mjukt. —Eg har forstått at du er sliten. Er det noko eg kan gjere?
Eg ristar på hovudet. Har blikket hardt festa på «Dagens suppe med nybakt focaccia”.
—Første tida etter permisjonsslutt er sjukt slitsam. Men det blir betre. Eg lovar.
Handa hennar er like varm som stemmen.
Eg gir opp. Tar tak i servietten og tørkar auga og nasa. Skulle visst ha droppa den maskaraen likevel.
—Er du sikker?
—Heilt sikker, seier ho med djupt alvor. Så stryk det eit glimt av noko anna over andletet hennar.
—Kryss på halsen og 10 knivar i hjarta, seier ho og smiler. Orda og smilet kallar fram hyttene i skogen, filmkveldane og alle nettene me låg og prata til me sovna midt i setningane. Og med eitt kjenner eg at eg er skikkeleg glad for at eg kom.