Først eit lysglimt. Så eit brak som fekk verda til å skjelve.
Etterpå var alt heilt svart.
Ho stod midt i kaféen, og alt ho kunne høyre var sin eigen skjelvande pust.
Forsiktig, med søkande føter og hendene framfor seg, tok ho nokre steg. Leita etter noko å gripe tak i.
Glørne i peisen kasta eit rødt skjer utover golvet. Mørket slapp litt taket der det møtte skinet frå lyktestolpane utanfor. Rundt henne byrja skuggane å ta form av stolar og bord.
Hjarta hennar dunka hardt i brystet medan ho gjekk mot vindauget, mot lyset.
Ei rørsle i sidesynet fekk henne til å rykke til. Ho sparka tåa i eit stolbein, samstundes som eit nytt lyn lyste opp heile kaféen. Berre eit sekund. Men lenge nok til å forstå kva som hadde skremt henne.
Då lyden frå torebraket døydde ut, var det ein annan lyd som kravde merksemda hennar. Insisterande og utolmodig.
Med klamme hender løfta ho telefonen mot øyra.
—Hei, Tone!
—Joda, straumen er borte. Alt er heilt svart. Og den jækla spegelen over peisen heldt på å skremme vitet av meg.
—Jepp, eg veit kor sikringsskapet er. Eg fiksar, ikkje tenk på det.
—Ja, me snakkast i morgon.
—Ha det bra og sov godt!
Ho avslutta samtalen, sveipa raskt på telefonen og trykka på symbolet av lommelykta. Så snudde ho ryggen til gatelysa og halta sakte mot kjellardøra.