Litt.tekst – januar 2024

Det var slik byen kjendest mest som hennar. Mørk og stille. Kontrasten frå nattas bråk var stor. Nå hadde ho gatene for seg sjølv. I alle fall nesten. Ho hadde allereie nikka til fleire vandrarar. Dei kjente kvarandre godt, men hadde knapt snakka saman. Berre latt dei firbeinte snuse på kvarandre for så å gå vidare i kvar sin retning.

Det var mykje nytt og spanande å snuse på i gatene i dag. Turen gjekk seint framover, men det var ikkje tempoet som var poenget. Det var inntrykka. Og Lissi var ein ivrig samlar.

Over dei var himmelen mørk og tung. Det var ikkje gatelyktene sin feil at stjernene glimra med sitt fråvær denne morgonen. Men alle stader glitra julebelysninga. Ho grudde seg allereie til den blei plukka ned. Vinteren blei liksom dobbelt så mørk etterpå.

Ho stansa framfor den blå døra og vindauga til Litt.godt. Såg skiltet røre seg litt med vinden. Slik stod ho ofte desse tidlege morgonane. Prøvde å sjå vindaugsutstillinga med andre auge. Prøvde å gløyme at det var ho sjølv som hadde vore med å laga den, og berre nyte synet av alt det vakre som var der inne.

Konditorane sitt årlege pepperkakehus var blitt ein begivenheit. Noko folk kom ekstra for å sjå og snakke om. Dei måtte stadig ut og vaske vekk avtrykk etter små hender og nasar som ikkje kunne komme nærme nok.

Nå gleda ho seg til festen.

Julebord hadde dei aldri. Dagane i desember forsvann i pakkepapir, lukta av varm eplemost med krem og gjester med posar fulle av julegåver. I staden hadde dei Pepperkakeknusefest.

Det var den kjekkaste kvelden i året. Alle var så lette den kvelden. Latteren sat laust, maten smakte godt og musikken var glad.

Høgdepunktet var når Tone henta fram krukka med påvik. Som alle andre arbeidsplassar måtte dei skrive avvik. Dei skreiv på brente kaker, forsinka leveransar og skada varer. Men som Tone sa «Me kan ikkje berre samle avvik. Me må ha påvik også». Og slik hadde det blitt.

Dei skreiv på fargerike lappar, bretta dei saman og la dei i krukka. Og på Pepperkakeknusefesten opna Tone krukka og las lappane høgt. Slik kunne dei dele dei finaste stundene, le av dei gode historiane og klappe for dei som hadde gjort noko som fann vegen til krukka.

Kva kom til å stå der i år? Garantert frieriet. Tenk det, eit frieri mitt i kaféen på ein heilt vanleg dag. Avskjedskonserten til Julie og Nicolay ville også vere der og garantert høgtlesinga.

Det var ei glede å fange påvik. Tanken på å dele dei med dei andre kribla i magen allereie når ho slapp lappane oppi krukka. Kjente dei andre også det slik?

Lissi dunka lett i henne og såg opp på henne med runde auger. Det var på tide å gå vidare. Nye inntrykk var i vente.

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *