Blogg

  • Litt.tekst – oktober 2023
    Først eit lysglimt. Så eit brak som fekk verda til å skjelve. Etterpå var alt heilt svart. Ho stod midt i kaféen, og alt ho kunne høyre var sin eigen skjelvande pust. Forsiktig, med søkande føter og hendene framfor seg, tok ho nokre steg. Leita etter noko å gripe tak i. Glørne i peisen kasta… Continue reading Litt.tekst – oktober 2023
  • Litt.tekst – september 2023
    —Hei, så godt å sjå deg! seier ho å legg armane rundt meg. Klemmer meg ordentleg. Ho skulle berre visst kva det kosta. Eg skrapa meg opp frå sofaen, tvang meg til å friske opp sminka og gå ned hit. Eigentleg orka eg ikkje. Eg sa det til Thomas mange gonger. Men han let meg… Continue reading Litt.tekst – september 2023
  • Litt.tekst – august 2023
    Ho kunne sjå speilbiletet sitt i den blanke, svarte overflata medan ho gjekk sakte rundt pianoet. Mest motvillig sette ho seg ned på krakken. Ville gjere denne stunda så lang som mogleg. Klistre alt saman fast i hukommelsen slik at ho kunne hente det fram som film resten av livet. Ho trakk pusten og kjente… Continue reading Litt.tekst – august 2023
  • Litt.tekst – juli 2023
    Ho sette seg ytst på stolen og irriterte seg ein augneblink over at det var så mørkt her inne. Kinna vart varme då ho hugsa på solbrillene. Kjensla av å vere på rømmen gnog i henne. Tenk at ho skulle vere ei slik. Men akkurat nå orka ho ikkje meir. Ikkje meir klissete fingrar, ikkje… Continue reading Litt.tekst – juli 2023
  • Litt.tekst – juni 2023
    Han vrei seg i stolen og gnei seg over haka. Den kjendest uvant glatt og naken. Det å vera her fekk minnet om førre gong til å gnage. På veg heim hadde han halde så hardt i rattet at det verka i nevane lenge etterpå. I to timar hadde han sete her, på utstilling. Etter… Continue reading Litt.tekst – juni 2023