Litt.tekst – desember

Han såg på henne medan ho runda leppene til ein o og blåste forsiktig på den rykande varme sjokoladen. Eit intenst behov for å lene seg fram over bordet og kysse henne fløymde gjennom han, men han blei sitjande. Ho varma dei kalde hendene på koppen. Kinna hennar var raude etter timane dei hadde brukt… Continue reading Litt.tekst – desember

Published
Categorized as Litt.tekst

Litt.tekst – november

Han kjente irritasjonen begynne å murre nedi magen. Ein kjapp kikk på armbandsuret fekk han til å kvele den. Det var han som var altfor tidleg. Ikkje ho som var sein. Han hadde ikkje visst kor det var, og hadde rekna rikeleg med tid. Så mykje at han no satt her og gira seg opp… Continue reading Litt.tekst – november

Published
Categorized as Litt.tekst

Litt.tekst – oktober

Det er allereie blitt heilt mørkt når eg skundar meg mot døra. Lyset frå gatelykta får dei gule ospeblada på bakken til å skinne mot den svarte asfalten. Vinden tar tak, og eg grip fastare om paraplyen. Håpar den ikkje vrengest. Eg opnar døra, slår saman paraplyen og går inn. Varmen og lukta av nybakt… Continue reading Litt.tekst – oktober

Published
Categorized as Litt.tekst