Ho tok tak i dørhandtaket, drog den blå døra godt inntil og vrei om låsen. Ein etter ein hadde ho sendt dei andre heim. Det var ikkje så mange som hadde tanke for verken kafé eller bokhandel i dag. Ute mørkna det alt. Inne i butikken glitra og skein det i julepynten. Snart skulle det… Continue reading Litt.tekst – januar 2023
Category: Litt.tekst
Litt.tekst – desember
Ho hadde angra så mange gonger, men det var umogleg å seie nei til Tone. Ikkje på ein dårleg måte, men det liksom gjekk berre ikkje. Dei hadde hatt pause saman ein gong for fleire månadar sidan. Tone hadde snakka om kva dei skulle gjere i Litt.godt i desember, og sjølv hadde ho tenkt at… Continue reading Litt.tekst – desember
Litt.tekst – november
Han hadde funne seg eit bord inst i hjørna. Notatboka var oppslått framfor han. Fyllepennen låg resignert ved sida av. Strategien hadde ikkje funka. Orda lét seg like lite lokke fram her, som heime ved skrivebordet. Han hadde prøvd mykje forskjellig. Bytte PC med notatbok, fleire ulike notatbøker, ulike pennar. Men orda som før brukte… Continue reading Litt.tekst – november
Litt.tekst – oktober
—Ingrid, kan du gå ned å hente fleire serviettar? Altså, eit så enkelt spørsmål burde ikkje vere nok til å gi meg hjarteinfarkt. (Berre eit bittelite, altså). Men i eit sekund stoppa eg bokstavleg talt å puste. —Eh, dei ligg i det rommet i kjellaren, gjer dei ikkje? —Jo, det minste rommet inst i gangen.… Continue reading Litt.tekst – oktober
Litt.tekst – september
Ho slapp sukkerbitane oppi kaffekoppen og rørte roleg rundt. Dunka skeia mot koppen for å riste av dropane, og såg på at kvervelen stilna. Framfor henne stod ein tallerk med lun plommepai og ei raus kule vaniljeis. Vaniljeisen smelta sakte, og ho kunne sjå dei små, svare prikkane spreie seg utover. Kunne det vera ekte… Continue reading Litt.tekst – september
Litt.tekst – august
Ho sat med hendene rundt kaffekoppen. Trakk inn lukta og gleda seg over det fine mønsteret ho bak disken hadde laga i mjølkeskummet. Framleis var kroppen litt i sjokk etter overgangen frå sydentemperatur til små-surt augustvær, så varmen frå koppen gjorde henne godt. Ho gleda seg til å sjå Charlotte igjen. Og grua seg litt… Continue reading Litt.tekst – august
Litt.tekst – juli
Døra gjekk opp og igjen. Opp og igjen. Kvar gong kjende ho eit blaff av varme. Dei som kom inn hadde sveitte ansikt og tørka av panna i det dei tok av solbrillene. Barna lukta av varme og solkrem. Sjølv likte ho seg best i skuggen. Når sola stod på det høgaste, fann ho fram… Continue reading Litt.tekst – juli
Litt.tekst – juni
Han stod framfor hylla og følte seg litt lost. På måfå trakk han ut ei og anna bok, kikka på dei og putta dei rådvill på plass igjen. Det hadde kjenst som ein god idé på førehand, men nå følte han seg berre tåpeleg. Herregud, skulle han ikkje få til dette ein gong? Han drog… Continue reading Litt.tekst – juni
Litt.tekst – mai
Ho la fingrane varsamt på tangentane. Hugsa med eit smil spørsmålet frå ei fortumla venninne: «Korleis veit du kor du skal trykke utan å sjå?». Kanskje kunne det samanliknast med å køyre bil? I starten må ein tenke på alt. Kva pedal som skal brukast til kva, korleis ein skal flytte girstonga, kva ein må… Continue reading Litt.tekst – mai
Litt.tekst – april
«Skal, skal ikkje», sa det i hovudet hennar medan ho gjekk og kikka på bøkene. «Skal, skal ikkje», sa det i hovudet hennar medan ho fann seg eit bord, inst inne ved pianoet, og sette seg til rette i dei mjuke stolane. «Skal, skal ikkje» var det einaste ho klarte å tenke på for tida.… Continue reading Litt.tekst – april