Døra gjekk opp og igjen. Opp og igjen. Kvar gong kjende ho eit blaff av varme. Dei som kom inn hadde sveitte ansikt og tørka av panna i det dei tok av solbrillene. Barna lukta av varme og solkrem. Sjølv likte ho seg best i skuggen. Når sola stod på det høgaste, fann ho fram… Continue reading Litt.tekst – juli
Litt.tekst – juni
Han stod framfor hylla og følte seg litt lost. På måfå trakk han ut ei og anna bok, kikka på dei og putta dei rådvill på plass igjen. Det hadde kjenst som ein god idé på førehand, men nå følte han seg berre tåpeleg. Herregud, skulle han ikkje få til dette ein gong? Han drog… Continue reading Litt.tekst – juni
Litt.tekst – mai
Ho la fingrane varsamt på tangentane. Hugsa med eit smil spørsmålet frå ei fortumla venninne: «Korleis veit du kor du skal trykke utan å sjå?». Kanskje kunne det samanliknast med å køyre bil? I starten må ein tenke på alt. Kva pedal som skal brukast til kva, korleis ein skal flytte girstonga, kva ein må… Continue reading Litt.tekst – mai
Litt.tekst – april
«Skal, skal ikkje», sa det i hovudet hennar medan ho gjekk og kikka på bøkene. «Skal, skal ikkje», sa det i hovudet hennar medan ho fann seg eit bord, inst inne ved pianoet, og sette seg til rette i dei mjuke stolane. «Skal, skal ikkje» var det einaste ho klarte å tenke på for tida.… Continue reading Litt.tekst – april
Litt.tekst – mars
Ho stod bak disken og trippa. Til vanleg elska ho jobben sin. Kom gjerne litt tidleg for å kikke på kva nytt som var kome i bokhyllene, gjekk litt seint fordi praten gjekk så godt og ho hadde god tid. Men i dag kjendest det annleis. Uroen kribla i henne. Enda ein gong såg ho… Continue reading Litt.tekst – mars
Litt.tekst – februar
Ho skubba boka på plass inn mellom dei andre og slapp ut pusten ho ikkje var klar over at ho hadde halde inne. Bokhyllene strekte seg opp mot taket. Ho følgde dei med blikket heilt opp til lysekrona. I kaféen summa det med liv allereie. Fulle fat med oppskoren frukt, nybakte rundstykke og kaffekoppar på… Continue reading Litt.tekst – februar
Litt.tekst – januar
Eg opnar almanakken. Har ikkje fått sjans tidlegare, men nå sit eg likevel berre her og ventar. 2021 ligg samanslått til venstre. Slitt i kantane, flekkete og med fullskrivne sider. 2022 er ny, feilfri og mykje tynnare. Rart korleis almanakken ser ut til å vekse gjennom året. Er det alle minna mellom sidene som tar… Continue reading Litt.tekst – januar
Litt.tekst – desember
Han såg på henne medan ho runda leppene til ein o og blåste forsiktig på den rykande varme sjokoladen. Eit intenst behov for å lene seg fram over bordet og kysse henne fløymde gjennom han, men han blei sitjande. Ho varma dei kalde hendene på koppen. Kinna hennar var raude etter timane dei hadde brukt… Continue reading Litt.tekst – desember
Litt.tekst – november
Han kjente irritasjonen begynne å murre nedi magen. Ein kjapp kikk på armbandsuret fekk han til å kvele den. Det var han som var altfor tidleg. Ikkje ho som var sein. Han hadde ikkje visst kor det var, og hadde rekna rikeleg med tid. Så mykje at han no satt her og gira seg opp… Continue reading Litt.tekst – november
Litt.tekst – oktober
Det er allereie blitt heilt mørkt når eg skundar meg mot døra. Lyset frå gatelykta får dei gule ospeblada på bakken til å skinne mot den svarte asfalten. Vinden tar tak, og eg grip fastare om paraplyen. Håpar den ikkje vrengest. Eg opnar døra, slår saman paraplyen og går inn. Varmen og lukta av nybakt… Continue reading Litt.tekst – oktober